søndag 21. juli 2013

Lørdagspizza ala taco

Denne helga har det gått i fjelltur det aller mesta av både gårsdagen og i dag. Etter ein lang og god tur til Midtfjell i går laga eg pizza til to minst lika trøtte turkameratar. Heldigvis var me ikkje så svoltne at me åt opp alt, så det vart pizza til kvelds etter ein endå lenger og lika fin tur til Trolltunga med endå større turgjeng. Sunn og frisk norsk ungdom kan me med rette kallast denne helge ;)
Botn:
  • ca 500 g mjøl (det/dei typane du måte ha i skapet)
  • 1 pose Idun pizzagjær
  • 1-2 ts salt
  • 4-4,5 dl vatn
  • 1/4 dl matolja
Bland mjøl, gjær salt og ca 3/4 av væska. Elt deigen, og spe på med væska litt etter litt til du får ein deig som er smidig og ikkje klissete. Hev deigen ca 1 time. Medan deigen hevar lagar du pizzasausen.

Pizzasaus:
  • 400 g karbonadedeig
  • 4 sjalottlauk (eller 1 vanleg)
  • 1 boks hakka tomater
  • litt vatn
  • 1 ts sukker
  • 1/3 glas med hot tacosaus
  • 3-4 ts lettrømme
Finhakk lauken. Steik karbonadedeigen og ha i lauken. La detta surra litt i steikepanna, før du har i tomater, sukker og tacosaus. Bland detta godt saman. Smak så til med litt rømme for å gjera smaken litt rundare. Kor mykje rømme du har ha kjem ann på kor mykje snert du vil ha i sause. Om du vil ha mykje kan du kutta heilt ut rømmen. Ha i litt vatn, og la sausen kosa seg på låg til middels varme medan du kutta opp fyllet.

Fyll:
  • paprika
  • sjampinjong
  • pepperoni
  • ost
Når deigen er ferdigheva kjevlar du den ut til ønska fason og tjukkelse. Ha på pizzasausen og fyllet. Her må det seiast at eg var rimeleg svolten då eg laga pizzaen, så dei blei MYKJE ost, og det var heilt nydeleg! Steik pizzaen i forvarma ovn på 225°C i 12-15 minuttar om du har pizzafunksjon på komfyren, og 15-20 minuttar om du ikkje har det. Steiketida avheng uansett av tjukkelsen på botnen, mengda fyll og av sjølve ovnen, så det er lurt å følgja med undervegs. Server med rømme og kanskje ein grøn salat til. Me haldt oss til rømmen sidan me ikkje orka kutta opp salat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...